Dyrevelferd ved transport
Transporttid er av mange rekna for å vera det viktigaste kriteriet ein kan måle dyretransport på – dess kortare dess betre. I praksis er likevel transport ei så kompleks oppleving for eit dyr at det blir for enkelt å redusere dyrevelferd under transport til å måle kor lang tid det tek.
På denne siden:
VisSkjul meny
Dyrevelferd under transport #
Under norske tilhøve der den gjennomsnittlege transporttida er under fire timar, så vil handtering av dyra på garden ha størst innverknad på dyras velferd.
Samstundes må ein ikkje gløyme at forskriftsbrot og avvik frå god praksis, som til dømes feil ventilasjon og uforsiktig køyrestil, får større konsekvensar for dyras velferd på ein lang tur enn på ein kort tur.
Det er summen av disse faktorane som avgjer kor god velferda til eit dyr under transport er:
- dyrets evne til å tole transport
- kor lenge transporten varer
- kvaliteten på transporten
Det er eit samspel mellom dyra, miljøet og personellet som handterer dyra. Personellet sin kompetanse og evne til å ta rett avgjerd til rett tid er heilt avgjerande. Det fysiske miljøet som dyra møter under klargjering på garden, pålessing og transport er også svært viktig.
Regelverk #
Offentlege regelverk er grunnmuren i vernet av dyr under transport og fastset minimumskravet for handtering av dyr. EU-regelverket har fornuftige krav til bonden, dyrets tilstand, transportmiddelet og sjåførens kompetanse.
I tillegg er det vedtatt særnorske krav som går lengre enn EU-regelverket. Blant anna er det maksimal transporttid for slaktedyr på åtte timar og forbod mot bruk av elektrisk støt under alle aktivitetar knytt til transport. Det er opna for å transportere dyr inntil 11 timar i Nord-Noreg dersom det er lengre enn åtte timar til nærmaste slakteri.
Bransjetiltak på dyretransport #
Det er eit offentleg krav at alle dyrebilsjåførar må ha kompetansebevis for dyretransport. Dette kompetansebeviset får ein av Mattilsynet etter bestått grunnkurs i dyretransport, eit kurs som Animalia tilbyr.
I tillegg har norske slakteri blitt enige om å krevje regelmessige etterutdanningskurs. I etterutdanningskurset blir det repetert regelverk og anna fagleg oppdatering på dyretransport og dyrevelferd.
Samarbeid mellom bonde og slakteri #
Det er avgjerande for dyras velferd under transport at bonden har gjort sin del av jobben. Dette omfattar førebuing av dyra på transport ved å venne dyra til handtering og det å møte nye miljø. Dette gjer at dyret taklar det nye miljøet den møter i samband med transport på ein mykje betre måte.
Det er også avgjerande at bonden vurderer tilstanden til dyra og om det faktisk toler å bli transportert. Sjuke, halte eller avmagra dyr er ikkje transportdyktige skal ikkje transporterast. Dersom bonden er i tvil om dyret kan transporterast pliktar ho å varsle dyrebilsjåføren slik at han kan avgjera om det er forsvarleg å ta dyret med.
Ofte kan eit dyr som ikkje er heilt friskt bli med på dyrebilen dersom sjåføren legg til rette for det ved å gje det einerom eventuelt rom med egna selskap. Dette krev samhandling og informasjon mellom bonde, transportør og slakteri.
Kontakt oss #
-
Inge Midtveit- Tittel
- Spesialveterinær dyretransport
- Telefon
- +47 913 50 752
- E-post
- inge.midtveit@animalia.no